Nyhetsbrev fra Herøy Dykkerklubb
Meld deg på Herøy Dykkeklubb sin sms- teneste. Send: GBREG 101423 til 1960 for å få info til din mobil. Husk også SMS: GRASROTANDELEN 987334312 til 2020 (tjenesten er gratis).
Utsjekk i bruk av flasketank
Flasketanken er no oppe og går, men før du kan starte å bruke den må du få opplæring og utsjekk frå ein styremedlem.
Det er framleis mogleg å fylle luft direkte frå kompressoren på vanleg måte. I tida framover vil det settast opp fleire
kveldar der medlemmane har anledning til å kome å få utsjekk i bruk av flasketanken.
Desse kveldane vil bli annonsert på forumet, samt på facebook-sida til klubben.
Invitasjon til krabbefest 1. oktober
Herøy dykkerklubb har tatt på seg ansvaret til å arrangere NM-runde i UV-jakt laurdag 1. oktober.
Derfor tenkte vi det passa fint å arrangere krabbefest på kvelden etter NM-runda er avslutta.
Alle medlemmar med følgje er hjerteleg velkomne til å kome. Vi vil også invitere alle som har deltatt på NM-runda.
Festen startar kl 20:00, og det vil koste 100 kr per person. Klubben står for innkjøp av krabbe, loff og alt av tilbehør,
einaste du treng og ta med deg er godt humør og noko godt å drikke.
Diversnight 3. november
I år må du sette av 3. oktober på kalendaren, det er nemleg datoen for det internasjonale nattdykket ”Diversnight”.
Også i år vil klubben delta på dette, og vi håpar på at minst like mange dykkera stiller i år som i fjor.
Dykkestad er ikkje fastslått enno, men Runde hamn viste seg å vere ein ideell stad å ha dette,
så det er ikkje umogleg at dette blir staden også i år. I fjor var heile 23 dykkera i vatnet samtidig på Runde hamn.
Kanskje kan vi klare å slå denne rekorden i år? Info vil bli lagt ut både på internettforumet og facebook-sida til klubben.
Stor sommaraktivitet
Takka vere den nye Polarcirkelen til klubben, så har vi no i større grad enn før moglegheit til å utvide
dykkehorisonten og dykke på fleire plassar som det har vore svært lite dykka på. Dette har vi utnytta i
sommar, og vi har blant anna kjørt fire turar til Arisan, dykka i Kvalsvikgrotta, og utforska nye stadar
utanfor Skorpa. Dykkeaktiviteten har stige betrakteleg, og vi har fleire gongar hatt heilt full båt.
Som eg har skrive tidlegare, så har det lenge vore sagt at alt som var att av Arisan ute på Geitemaren
var knuste stålplater og tusenvis av tonn med jernmalm. For så vidt så stemmer det at der ligg masse
knuste stålplater og tonnevis med jernmalm strøtt over eit svært område, men der ligg også fleire
intakte og svære delar av skipet. Vi brukar å kaste dreggen på ein GPS-posisjon på nordvest-sida av Geitemaren.
Når vi går ned langs dreggtauet har vi to val, vi kan følgje skjæret til høgre eller venstre. Går vi mot høgre,
så treff vi på fleire svære seksjonar av dekket bak styrehuset. Dybda her varierar mellom 20 og 25 meter.
Eit stykke lenger framme treff vi på der styrehuset har stått ein gong. 4-5 meter over dekk er overbygget vekkrevet.
På tvers av skipet er det god plass til å penetrere gjennom heile overbygget, gjennom nokre mannhol
som går tvers gjennom skipet. Ein kan kjenne adrenalinen straume litt ekstra gjennom kroppen når vi
beveger oss inn og symjar ut på andre sida av skipet. Det kjennast likevel trygt då det ikkje er noko
mudder der som kan virvlast opp, og konstruksjonen verkar veldig solid og sterk.
Eit stykke framfor styrehuset er skipet knekt i to, og der er det mogleg å kike inn i lasteromma frå babord side.
20-30 meter til venstre for der skipet er knekt i to ligg ein enda større del av forskipet på skrått bortover i
same retning som resten av skipet. Denne seksjonen av fordekket er sikkert over 50 meter lang, og på
enden av den står nokre store fortøyingsvinsjar, forskjellig dekksutstyr og fleire pullertar. Framfor dette
er det lite spanande å kike på, berre knuste delar av skipet og svære sanddyner med jernmalm.
Arisan var lasta med heile 155 tusen tonn jernmalm, og hadde ein fordelt dette jamt over 10 fotballbaner,
så ville høgda på sanden vere 1 meter.
Dersom vi går til venstre etter vi har gått ned på dreggtauet, så møter ein på baugpartiet |