Dykking på Akerendam med NRK og Runde miljøsenter PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Hardcore Gold Digger   
tirsdag 15. mars 2011 21:38

Fredags morgen fekk eg telefon frå Vegard Hide medan eg satt på skule midt i ei forelesing. Eg var derfor rask med å trykke på avbryt, og skreiv ei melding om at eg satt midt i ei forelesing og at eg kunne ringe på seinare. Då fekk eg melding tilbake: Dykking på Akerendam med ROV! Trenge dej!:). Når det gjeld slike ting er eg ikkje tung og be, så eg treiv tak i sekken min, og gjekk ut av klasserommet for å ringe Vegard. Runde miljøsenter hadde kontakta han og ville ha med seg to dykkera frå klubben til å vise og filme kanonene for NRK.

 


Dette sa vi selvfølgeleg ja til med ein gong, og det blei klart at både eg, Vegard og Erik Slettebakk skulle vere med dei å dykke saman med ROV'en frå miljøsenteret. Etter eit par intervju og litt filming, så la vi ut frå Runde hamn med båten til Arne Sævik rundt kl. 10.00. Med oss om bord hadde vi blant anna Gry som er programleiar i Schrødingers katt, Arild Marøy Hansen frå Bergen Sjøfartmuseum, May Britt Haukås og Nils Roar Hareide frå milsjøsenteret, og båtførarane Stig Arne og Arne Sævik. Vi sette fyrst kursen mot Våren, som er nokon holmar og skjær nordaust av Runde fyr. Arild frå sjøfartsmuseet meiner at det var her Akerendam fyrst gjekk på grunn før den forliste inne i bukta ved Kvalneset. Her fekk vi beskjed om rigge og ta på oss dykkerutstyret fordi helikopteret frå 62 grader nord var på vei mot oss. Helikopteret sirkla eit par gongar rundt oss og filma når eg hoppa uti for å få litt bilde av det.

Etter at helikopteret meinte dei hadde fått nok film av oss, så sette vi kursen mot Kvalneset og Akerendam. Dreggen blei kasta på rundt 14 meters dybde og vi gjorde oss klare for dykking. Erik Slettebakk sleit med sjøverk, så han måtte kaste inn handkleet og droppe dykkinga. ROV'en gjekk i vatnet fyrst, deretter fylgte eg og Vegard etter. Sikta var fantastisk (sikkert 30 meter), så vi såg kanonene frå overflata før vi gjekk ned. Problemet var at det var veldig mykje drag og enda meir tareskog der nede, så miniubåten sleit med å kome seg fram. Vi reiv vekk tare til den store gullmedalje der nede, slik at det skulle vere lettare å få auge på kanonene. Men ROV'en sleit framleis med og få sett noko som helst av kanonene, delvis på grunn av taren og delvis grunna alt draget som slengte den att og fram. Vi dykka i gode 30 minutt før vi bestemte oss for å gå opp. Dei vinka oss bort til båten og lurte på om vi ikkje kunne ta eit dykk til der vi holdt miniubåten mellom oss og styre den ned mellom tareskogen med avslått motor.

Ti minutt etterpå hadde vi fått skifta flasker, og hoppa uti atter ein gong for å gjere eit nytt forsøk på filming. Vi gjekk ned på same plassen med ROV'en mellom oss, men det endte opp med at eg spaserte på botnen medan eg tviholdt på miniubåten oppe på brystkassa mi. Dette var ikkje like enkelt heile tida, då det av og til kom eit voldsomt drag som flytta oss 4-5 meter på kort tid. Etter litt tid fann eg meg ei god stilling der eg fekk filma stabilt og sakte over to av kanonene, både frå kort og lang avstand. Vi hadde no nok bilde av kanonene og avslutta dykk nummer to etter ca 15 minutt. Gjengen om bord i båten var strålande fornøgde med filminga vi hadde gjort, og båten sette kursen mot Runde miljøsenter igjen. Her fekk vi gleda av å vere nokon av dei fyrste til å sjå den nye utstillinga av Rundeskatten på senteret. Her var massevis av både gull og sølv-myntar utstilt, samt mykje forskjellige gjenstandar som er funne der ute. Dei hadde også bildeframvisning med prosjektor på veggen. To av bilda der har eg tatt, så der står mitt navn og Herøy dykkerklubb under. Alt i alt hadde vi ein super dag saman med NRK og miljøsenteret, og dei vil bruke oss også i framtidige prosjekt. Etter planen skal det vere ei kort reportasje om denne turen på Schrødingers katt like før påske, og ein lengre dokumentar om rundeskatten til hausten. Vi kjeme til å bli vist i programmet, og vi vil få namna våre og Herøy dykkerklubb på rulleteksta. Så dette er god PR for klubben, og ikkje minst artig :)

 

Poster i forumet:

by slettebakk
tirsdag, 15 mars 2011 20:38
Ej tok på mj ansvare på å mate krabben ej:) såg de va ingen andre so gjor de so tok ej rett å slett de ansvare:) va bra greier ditta:)
by marius remo̷y
onsdag, 16 mars 2011 11:56
"Slettebakk" wrote:
Ej tok på mj ansvare på å mate krabben ej:) såg de va ingen andre so gjor de so tok ej rett å slett de ansvare:) va bra greier ditta:)

Noken må gjer det også ;)
by hide
onsdag, 16 mars 2011 12:16
Krabbane å na Marius...Ej he heldigvis heilmaske... Kompis å stå over haude på oss å spy:)
by hide
onsdag, 16 mars 2011 12:18
Va en kjekke dag ditte...Skal bli kjekt å sjå reportasja på tv....grur mej litt vist dei teke me alle eller nokren av intervjua...
by slettebakk
onsdag, 16 mars 2011 13:36
Ja ej e glade at ikkje ej blei intervjua:) men dåkke klarte no dåkke bra:)
by hide
onsdag, 16 mars 2011 13:49
Ej site me heimekontor for Olympic no..blei leide..skal vi fare å dykke?
by slettebakk
onsdag, 16 mars 2011 13:52
Hadde de ikkje vår før at ej e tett i naså i dag so hadde ej jonina:)
by gunnar berge
fredag, 18 mars 2011 08:02
Fantastisk bra!!! Gler mej til å sjå programma på tv når ej kjøme heim. Her i Kina e NRK bannlyst so må nok vente litt.
by marius remo̷y
fredag, 18 mars 2011 12:16
He no lagt inn masse bilde øverst i dinne tråden:)
by hide
tirsdag, 29 mars 2011 08:03
Datoen for den store dagen er 7.april, slik det ser ut no.

Både grur mej å gler mej...hehe..jeje..la gå
by jo̷sok
tirsdag, 29 mars 2011 10:21
ka som skjer då da?
by marius remo̷y
tirsdag, 29 mars 2011 10:35
7. april e datoen då det skal visast på tv:)
by slettebakk
tirsdag, 29 mars 2011 14:19
Du før kose dj me de du då:) måkje suge opp alt då:) vist dåkke gjer myse akkrendam litt ta sjarmen.
by marius remo̷y
tirsdag, 29 mars 2011 16:02
"Slettebakk" wrote:
Du før kose dj me de du då:) måkje suge opp alt då:) vist dåkke gjer myse akkrendam litt ta sjarmen.

Høh? :P
by slettebakk
tirsdag, 29 mars 2011 16:41
Skolde ikkje du ut å suge reint dær ute då?
by marius remo̷y
tirsdag, 29 mars 2011 16:47
Hehe, ej tolla berre me dej ;)
by slettebakk
tirsdag, 29 mars 2011 17:21
ja forstod de. ka tid de går på kvelden shrødingers katt?
by marius remo̷y
tirsdag, 29 mars 2011 18:40
Kl 19:45
by slettebakk
tirsdag, 29 mars 2011 19:01
ja vel då ska ej benke mj fram før sjermen..

Login to reply

Sist oppdatert tirsdag 15. mars 2011 21:41