| NM Uv jakt 1. runde - Oppsummering |
|
|
|
| Skrevet av Erlend Remøy | |||
| søndag 02. mai 2010 14:46 | |||
|
Fleire valgte å gi seg etter eit par timar i sjøen. Dei beste fangstane denne runda vart tekne i den sørlegaste delen av området rundt indre delen av Herøybrua. Fisken sto djupt so det var berre dei beste som rakk tak i den. Det er ikkje alle som klarer å gå ned på rundt 20m for å finne fisk. Den klare vinnaren var Ørjan Dyrnes frå Kristiansund dykkeklubb med 5 fine lyrar (og ei fiskestang) Andreplass gjekk til Svein Skaug frå Ørlandet og tredjeplass til Jan Inge Gabrielsen som kom sterkt tilbake i sporten, etter fire års pause. Kvinneklassa vart vunnen av Greta Skaug frå Ørland og i juniorklassa vann Elias Schnell frå Kristiansund. Arrangøren varta opp med kaker og varm mat og drikke i klubblokala på Jensholmen, der mange av klubben sine medlemmar kom innom for å vere med på det sosiale rundt konkuransa. Arrangørklubben stilte berre med ein utøvar i konkuransa, men vi håper på at rekrutteringsarbeidet klubben driv med skal få fleire til å delta i denne sporten.
|
|||
| Sist oppdatert mandag 03. mai 2010 12:43 |